kva gjer meg til den eg er?

Marshall Rosenberg hevda at vi har levd i 5000 år i ein
hierarkisk kultur. Denne kulturen har brukt eit maktspråk
mellom anna for å halda orden i rekkene og makt over
dei som står på ein lågare rangstige enn ein sjølv. Det er
klassesamfunnet sitt språk. Vi identifiserer oss gjerne
med den samfunnsmessige statusen vi vert fødde inn i.
For å overleva treng vi å tilpassa oss det miljøet vi lever i
og er avhengig av som born.
I tilpassingsprosessen undertrykkjer vi gjerne eigne
behov. Gjennom IVK lærer vi å forstå og erfara at dei
grunnleggjande menneskelege behova er sjølve
Marshall B. Rosenberg, gjer vi for å få dekt
grunnleggjande behov. Følelsane er funksjonen som
fortel oss om behov er møtt eller ikkje. Til dømes vert vi
sinte om noko trugar verdiane våre. Følelsen av frykt
fortel oss at vi kkje er trygge på det som skjer. Gleda
boblar når vi er i kontakt med liv i fri og trygg utfalding.
Vi er skapande vesen, og behova er krafta som driv oss
til handling.
Vi snakkar gjerne om sju grupper grunnleggjande behov:
1. Autonomi: Å velja eigne draumar, mål, verdiar og korleis realisera dei.
2. Integritet: Å vera i kontakt med vårt indre og å uttrykkja det ærleg, samt eigenverd, meining og kreativitet.
3. Feiring: Å feira at vår deltaking i livet oppfyller draumane, måla og å kunna uttrykkja tap, dela
sorg.
4. Gjensidig kontakt: Aksept, verdesetjing, nærleik, omtanke, empati, ærlegdom, kjærleik, støtte,
respekt, tillit, forståing, varme.
5. Leik, moro og lettheit.
6. Spiritualitet/åndelegheit: Skjønnheit, harmoni, inspirasjon, orden og fred.
7. Fysiske behov: Luft, mat, rørsle, kvile, vern mot ulike trugsmål, seksualitet m.m.
Ein konsekvens av tilpassinga kan vera at vi plasserer makt over eige liv utanfor oss sjølve.
Både utøving og fråskriving av makt kan ha svært uheldige konsekvensar. I IVK søkjer vi makt med heller enn makt over. For å kunna ha makt med, må vi kjenna vårt eige indre. Det handlar om å ha kontakt med følelsar og behov.
Heldigvis er har skotta mellom yrkesgrupper, rase og kjønn langsamt blitt viska ut. I teorien er vi alle like mykje verd. Men kva heng att av den gamle tenkinga?
Etter vår meining viser dei gamle mønstra seg framleis i det offentlege rommet i form av å definera det meste:
• samanlikningar
• tolkingar og evalueringar
• diagnosar og merkelappar
• kritikk
Slik bruk av språket stel energi. Mykje av dette er rota til konfliktar, sjukdom, mobbing, kriminalitet og anna liding i samfunnet. Ingen ting kan endrast utan at språket vert endra, står det skrive ein plass. I IVK-arbeidet ser vi tydeleg korleis språkbruken - den som framleis er alminneleg over alt - kan stå i vegen for utvikling av sunn sjølvfølelse. Med sterk sjølvfølelse er vi klare på eigne grenser. Har vi god sjølvfølelse i tydinga å vita kven vi innerst inne er, er vegen til god sjølvtillit kort. Sjølvtillit handlar om kva ferdigheiter vi har, kva vi er trygge på å utføra. Eit barn med god sjølfølelse lærer på ein lett og trygg måte.
God sjølvfølelse veks fram av at vi blir sett og møtt som verdifulle menneske. God sjølvfølelse vert næra av at vi blir støtta i vår utforsking av livet, og ata vi blir møtt med forståing og empati når vi har det vondt. Nøkkelen til dette ligg i språket. Det krev at vi har ord for følelsar og behov. Begge desse viktige sidene ved det å vera menneske har blitt sterkt undertrykt i eit samfunn som er hierarkisk organisert. Vi ser mange døme på at menneske i vår tid manglar ord for både følelsar og behov, og kanskje endå meir skremmande; vi er blitt så framandgjorde for oss sjølve at vi ikkje lenger merkar desse livsviktige signala.
Når vi byrjar å trena på kontaktskapande kommunikasjon, ser vi våre innlærde mønster. Som barn tente dei som overlevings- eller tilpasningsstrategiar. Som vaksne kan uheldige mønster stå i vegen for god kontakt med andre. Uheldige mønster kan vera vanskeleg å bryta, særleg i høve til våre næraste eller vårt gamle miljø. Gjennom livet har vi lært oss visse rollar eller forsvarsstrategiar for å skjula kor sårbare vi eigentleg er. Det kan då vera ein vanskeleg prosess å møta foreldre eller søsken med nye talemåtar eller erstatta gamle tankebanar med nye. Dersom vi har stor indre smerte, klarar ikkje alltid nye kommunikasjonsferdigheiter å demma opp for overveldande følelsar.
I andre høve kan det vera motsett. Ei tysk kvinne fortalde korleis familieklimaet vart endra etter ei internasjonal treningssamling i IVK. Ho makta å overausa mor si med empati. Ho oversette mora sine ytringar til følelsar og behov. Mora opplevde seg møtt og sett. Dagen etter ringde faren og spurde om ikkje han kunne få det same som mora hadde fått.
Det å bli sett og respektert for den vi er, er eit av våre sterkaste behov. Dersom vi kjenner eigne behov og klarar å uttrykkja dei, aukar sjansen for eit rikare liv. Det same gjeld om vi ser andre frå den ståstaden. Undertrykking av grunnleggjande behov fører til tap av livsenergi. Under depresjon er kontakten med behova borte. Sjølve livsgnisten har falma. I depresjonen er også mykje av kontakten til følelsane borte. Tomheit og avmakt pregar livet.
I ei tid då depresjon er blitt ein folkesjukdom, er det god grunn til å sjå nærare på samhandlingsmønstra våre. Gjennom IVK lærer vi å gjenetablera den indre kontakten til følelsar og behov. Vi vart fødde med desse funksjonane komplett utvikla. Gjennom livet har mange av oss måtta avlæra å uttrykkja dei, eller fortrengja dei til det underbevisste. Fortrengte erfaringar viser seg ofte gjennom sjukdom eller uheldig kommunikasjon.
Det ser ut til å vera ei naturlov at livet vil uttrykkja og utfalda seg. Drivkrafta i denne utfaldinga er våre grunnleggjande behov. Følelsane er signalet på om behova er møtt eller ikkje. Det kan vera ein hard kamp å gjenvinna desse fine eigenskapane. For mange foreldre er det sårt å sjå tilbake på den måten dei har møtt eigne born på. Det er grunn til å tru at alle foreldre gjer sitt beste for eigne born. Vi ber ein tung arv frå tider med såkalla svart pedagogikk. Dei vaksne hadde rett til å tvinga born til lydnad med vald. Fysisk vald er ikkje lenger akseptert, men verbal vald i form av stempling, samanlikning, kritikk og krav lever i beste velgåande. Gjennom IVK ønskjer vi å gjera noko med dette. Første skritt er bevisstgjering. Smått om senn lærer vi å integrere det i eige liv.
Målet er ikkje å bli perfekt, seier Marshall, men litt etter litt å bli mindre "dum".
(Heller ikkje han klarar å kommunisera utan bruk av merkelappar!)
Skriven av Marie Rørvik

